Wim Hof
Styrke lungene?
I alle år etter militærtenesta der eg fekk gjentatte lungebetennelsar, 5 gonger iløpet av nokre få månader, har eg vore utsett for å få hard og langvarig hoste nokre gonger i året. Dette har som oftast skjedd når eg har blitt forkjølt, og eg ikkje greidd å bli ferdig med forkjølelsen relativt raskt.
Mykje har eg prøva for å knekke koden så eg slepp dette kvar vinter.
Trening, tran, kvitlauk, C-vitaminsjokk, solhatt «you name it», eg har prøvd det. Men ein dag eg søkte for moro på «How to strengthen your lunges» kom eg over Wim Hof, The IcemW
Wim Hof
The Iceman Wim Hof er ein som ofte har blitt kalla «Superhuman». Med 20 Guinness rekordar innanfor ekstremitet, særleg rundt kulde og fysisk bragder i og -under kalde forhold. Noko som gjer han svært spesiell. Det finnes svært mange videoar på YouTube om han, og om hans metode. Det er særleg tre pilarar han bygger si lære på, pusteteknikk, kald dusj/isbad og fokus/mindfulness.
Eg vil nedanfor prøve å gje ei kort innføring i kva dette går ut på.
Pusteteknikk
Dette er den metoden eg sjølv har fått tydlegaste reaksjonar på. Ein pustar djup inn med bryst og mage, for så og roleg puste ut, gjentar dette så ca 30 gonger. Er ein grei snutt på YouTube som ein kan spele av mens ein gjer denne øvelsen, der ein vert guida igjennom ei økt.
h
Ein vil etter x antal gonger kjenne ei prikking i fingrar, føtar og etterkvart i huda over heile kroppen. Nokre kan få nærmast blackout, så ein må gjere dette under trygge forhold. Så ikkje prøv dette når du køyrer bil, svømmer el. Sitt godt i ein stol, på golvet, eller ligg nede.
Med denne pusteteknikken så greier ein å simulerer ein stressituasjon i kroppen, noko som gjer at pH nivået i blodet aukar. Noko som i neste rekke gjev auka adrenalinproduksjon og adrenalin nivå i kroppen. Det er denne auken i adrenalin som på ein effektiv måte bekjemper infeksjonar i kroppen. Greier ein å kontrollere, og i praksis sjølv auke adrenalinnivået, så kan ein sjølv slå tilbake ein infeksjon -virus.
I eit forsøk fekk Wim Hof og ei gruppe av hans elever samen med ei kontrollgruppe injeksjon av E-coli bakteriar som dei sjølv greidde å nedkjempe bare med å utføre pusteteknikk -meditasjon. Kontrollgruppa måtte få tradisjonelle medisinar.
h
https://www.ibfnetwork.com/news/story/adrenalin_breathing_with_wim_hof
Nå har eg bare prøvd denne teknikken i nokre månader, men føler eg har knekt eit par småforkjølelsar i startgropa, før dei slo ut med full styrke.
Kald dusj / isbad
Dette er ein av dei andre pilarane i Wim Hof metoden. Me kjenner vel alle til at kalde bad har vore anbefalt som helsebringande heilt frå antikkens tid. Nokre sverger til isbading ei gang i veka, mens andre har gode grunnar for å la vær. Sjølv må eg innrømme at nokre minuttar med iskald dusj, etter ein god å varm dusj, aldri har frista noko særleg. Men til meir eg las -og såg om metoden til meir skjønna eg at dette kunne vera ein lur ting å legge inn i mi daglege rutine.
Her er ei liste med 15 helsegevinstar ein kan få med dagleg ta ein kald dusj
- Vekt tap, dette på grunn av ein stimulere å aukar det brune feittet i kroppen.
- Auke testosteron produksjonen
- Auke fertilitet,
- Får bedre blodsirkulasjon
- Styrker immunforsvaret
- Bedrar sirkulasjon i lymfesystemet
- Raskare restitusjon etter trening
- Motvirke depresjon
- Ein vil falle raskare i søvn, og får auka søvnkvaliteten
- Ein vil auke og få meir energisk pusting, fyller lungene heilt.
- Bygger opp og styrker viljestyrken
- Ikkje få så lett følelsesmessige svingingar I humøret
- Redusere stressnivået i livet ditt
- Auka årvakentheit
- Du får bedre hud og hår
Fokusere -meditasjon
Denne delen av kva Wim Hof lærer heng mykje saman med dei to fyrste pilarane. Med pusteøvelsar vert fokuset på pusten og ein får ein boost i hormoner som gjer at ein føler seg bra. Det same er med kald dusj -isbad. Ein må fokusere veldig på pust og kontroll av kroppen. Rett og slett tenke seg varm, mens ein er i eit kaldt element.
Wim Hof har frivillig vore med på mange medisinske forsøk og testar for å bevise at ein med rett teknikk og fokus kan ha kontroll på hjernen og kroppsfuksjonar.
Ein av dei siste forsøka var seint i fjor haust på Wayne State University i Michigan. Der avansert hjerneskanning kunne bekrefte at han greidde å koma i kontakt og styre hjernefunksjonar som gjorde at kroppen produserte meir varme.
https://www.youtube.com/watch?v=YficBlvPwWQ&t=95s
Eigne erfaringar
Mitt kjennskap til Wim Hof og hans metodar har bare strekt seg over nokre månader. Så det er mykje att og lære. Tykkjer sjølv det er utfordrande, lærerikt og fram til nå berikande rutinar i livet.
Kvar vegen går vidare og om eg vert ein ihuga «disippel» er ikkje lett å spå om.
Uansett likar eg å ha eit ope sinn, for å lære seg noko nytt. Få nye erfaringar på korleis kroppen reagerer på nye øvelsar/ metodar. Å ikkje minst teste ut sine egne fysiske grenser, på ein ny og annleis måte.